Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Kåseri og Lunch Skakke 30 mai

Biblioteket i Etne 30 mai kl 1200

30. mai kjem Atle Hansen til Etne. Det blir to arrangement, eit på hovudbiblioteket kl. 12 og eit på avdelinga i Skånevik kl. 19. Arrangementet kl. 12 vil vera lagt opp til at ein kan kjøpa lunsjen sin der. Sidan det er i samarbeid med Frivilligsentralen vil dei som treng skyss til arrangementet kunne kontakta Frivilligsentralen om dette 😊

Atle Hansen har lang fartstid både som forfattar og visesongar. På arrangementet vil han snakka om boka «Han som vart att», med handling på Bømlo og Sunnhordland. Den fulle tittelen på boka er «Han som vart att : den sannferdige forteljinga om Krabben og Litlejesus og folk i øyane : bygd på rykte, samtalar, folkesnakk og reint sladder» og er ei underhaldande forteljing om Vestlandet og den gjennomgripande utviklinga landsdelen har vore gjennom dei siste femti åra. Her får du møta gründerar, spradebassar, skrytepavar og stribukkar som alle søkjer å leve eit liv der restar av tung religiøsitet dannar bakteppe for det meste som skjer. Boka er skrive i den munnlege sunnhordlandske forteljarstilen og er vittig og med høg attkjenningsfaktor. Han vil i tillegg spela eit utval songar han har skrive sjølv, blant anna songen som var utgangspunkt for romanen.