Julebord-tur til Voss, 10-11. desember 2022

Pensjonistforbundet Knarvik legg opp til julebordtur til Voss, laurdag 10. desember med overnatting til 11. desember 2022 (laurdag-søndag). Påmeldingsfrist seinast 10. oktober 2022, sjå meir informasjon nedanfor.

Scandic hotel er eit ganske nytt hotel som ligg like ved jernbanestasjonen på Voss.

Det går ein del tog frå Bergen til Voss, på ymse tider, med når det er over 60 dagar til avreise var informasjonen med atterhald.

Reise, og hotellet, må betalast direkte av kvar enkelt som blir med. Kvar enkelt ordnar med reisa, tog, privat bil eller anna. Slå dykk gjerne i saman og reis i lag.

Hverken julebord, overnatting eller reisa Voss t/r vert sponsa av Pensjonistforbundet Knarvik, så her må deltakarane sjølve betale ALT.

Prisar:

Julebord kr 795 pr person, rikhaldig med varme og kalde rettar, og dessertbuffet.

Enkeltrom: Kr 1.490 pr rom pr natt inkl frukost

Dobbeltrom: kr 1.690 pr rom pr natt inkl frukost

Pensjonistforbundet Knarvik må levere navneliste til hotellet seinast 30.11.22. Deretter er kvar enkelt ansvarleg for si bestilling, dvs event avbestilling dersom det skjer noko spesielt.

Me har fått avgrensa med rom / bordplassar, her gjeld "først til mølla"-prinsippet. Me kan sette opp venteliste dersom det vert stor rift om plassane.

De kan alt no sende bindande påmelding til e-post torveigb@yahoo.no eller melding på SMS til 90740290.

Dvs ingen innbetaling til Pensjonistforbundet Knarvik...!! 

Siste frist for påmelding, dersom ledige plassar, er 15. november 2022

Spørsmål om turen til Voss kan rettast til leiar Kjell Husebø, mobil 41326584 eller kasserar Torveig Botnen mobil 90740290.