Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Hjarteleg velkomne til SommarFest

Pensjonistforbundet Knarvik inviterer til sommarfest som avslutning før sommaren, dato 16. juni -22 kl 16:00. Det skal bli sendt ut melding om invitasjon til medlemane så snart som mogeleg. Pr no kjem ein ikkje inn på medlemslista pga problem sentralt i Oslo, det er difor ikkje mogeleg å sende ut invitasjon.

Sommarfesten vert arrangert i Nordgardsløa, Havnevegen 34, sentralt på Frekhaug. Det er fine lokaler som er tilrettelagt for rullestol o.l.

Meny: Rømmegraut, spekemat og elles det som ein likar til grauten. Heimelaga kaker og kaffi.

Kurt Hatten spelar og underheld, samt andre mindre programinnslag.

Nokre få gevinstar vert trekte på inngangsbilletten.

Festen er open for alle pensjonistar, men max 80 personar, "fyrst til mølla gjeld".

Pris for medlemar kr 175.

Pris for andre pensjonistar enn medlemar i Pensjonistforbundet Knarvik, kr 225.

Påmelding ved betaling til bank 3626.31.44761 innan 1. juni.

Arr: Pensjonistforbundet Knarvik

Leiar Kjell tlf 413 26 584 / kasserar Torveig 907 40 290.

Invitasjon vert sendt ut til medlemane i slutten av mai.