Pensjonisttreff 23.10.19

på Askvoll Sjøbuer

Hovudprogrammet på dette treffet var informasjon om tiltak, tilbod og planar for seniorar i Askvoll kommune. 38 personar hadde møtt fram. Kari Fismen ynskte velkommen og leia møtet. Magnhild Osland hadde som ord for dagen valt "Å ikkje bli sett" av Bente Bratlund. Bjarne Haugen hadde valt ut songar, og vi starta med "La oss leve for hverandre".

 

Astrid Halstensen, leiar for nærmiljøsentralen, gjorde greie for ulike tiltak i regi av nærmiljøsentralen.  Mykje aktivitet  foregår, og  til ein del av dette er ein avhengig av frivillige hjelparar. Her er det stadig behov for nye krefter. For oversikten si skuld kan ein sjå på kommunen sinre heimesider, kanskje ein ide å ta utskrift av dette og dele ut på neste pensjonisttreff.   Dataopplæring for seniorar kan vere aktuelt seinare i haust. Ho gjorde også m.a. greie for serviceskyssen, slik den fungerer i dag.

 

Arve Åsnes, folkehelsekoordinator, orienterte om sin stilling, som er dels knytt til folkehelse og dels til næring. Når det gjeld aldersfordeling har Askvoll kommune pr i dag størst andel eldre i heile fylket: 360 personar over 75 år. Om 25 år reknar en med at talet er 544 personar over 75 år. Han gjorde greie for dei tiltaka som finst i kommunen når det gjeld aktivitetar for eldre, inkl dei som bur på sjukeheimen. Han informerte om at det kan vere aktuelt å foreta ei helseundersøking hos heimebuande. Folkehelsearbeidet er i ein planleggingsfase.

 

Stein Helle, kommunalsjef helse og omsorg, orienterte om eit nytt tiltak  som skal gjelde frå 1. november. Dette gjeld for personar som har behov for helsehjelp utanom vanleg kontortid og  inneber at sjukepleiar skal ha vakt på Askvollheimen kvardagar i tidsrommet 15.30 til 22. Han tok elles utgangspunkt i spørsmål han hadde fått frå Kari Fismen og gjorde greie for ulike tiltak i helsesektoren i Askvoll kommune. Han gjekk også gjennom planar for utbygging av omsorgsbustader og eit  aktivitetsbygg, og viste teikningar av dette. Det er snakk om investeringar på 70 millionar kroner.

 

Kari Fismen avrunda informasjonsdelen etter ein del spørsmål og takka dei 3 bidragsytarane.

Snittar og kaffi smakte godt og så var det tid for åresal. Dei frammøtte hadde tatt med masse gevinstar og var veldig flinke til å kjøpe årar.

Solveig Sølvberg hadde ei kort orientering om informasjonssaker frå Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane. Hovudsaka er at samanslåing med Hordaland til Pensjonistforbundet Vestland er utsett. Ekstraordinært årsmøte i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane blir på Skei 19.11.19.

Vi avslutta pensjonisttreffet  med allsong.

0 resultater